Revidert nasjonalbudsjett 2026: Bioenergi kan ikkje bli gløymd i energipolitikken

Hordaland Bioenergi sitt anlegg på Voss.
Hordaland Bioenergi sitt anlegg på Voss

Regjeringa sitt reviderte nasjonalbudsjett for 2026 gir få positive signal til bioenergi- og fjernvarmebransjen. Når elavgifta blir kutta utan kompensasjon til fjernvarme og andre fornybare varmeløysingar, svekkjer det konkurransekrafta til ei næring som både avlastar kraftnettet og styrkar norsk energiberedskap.

Samtidig vel regjeringa å vidareføre ordningar som stimulerer til meir straumbruk, medan investeringar i lokal og fleksibel energiproduksjon får meir usikre rammevilkår. For Norsk Bioenergiforening er dette bekymringsfullt.

Bioenergi, fjernvarme, biogass og biokull er ikkje berre klimatiltak – det er også beredskapspolitikk. Norske bioressursar kan gi stabil energi, lokal verdiskaping og redusert press på eit kraftnett som allereie er under aukande belastning.

Greenfarm biogassanlegg hos brødrene Skilbred i Skien, Telemark

Fagmiljø som NVE, SINTEF og fleire analyseaktørar har peika på at fjernvarme og bioenergi har stor samfunnsøkonomisk verdi, særleg i område med høg effektbelastning og behov for fleksibilitet. Likevel opplever bransjen stadig meir uforutsigbare rammevilkår.

Dersom utviklinga held fram, risikerer vi:

  • færre investeringar i bioenergi og varmeproduksjon
  • redusert utnytting av norske bioressursar
  • svakare energiberedskap
  • større belastning på kraftnettet
  • mindre fleksibilitet i energisystemet

Noreg treng meir enn berre straum for å lykkast med energiomstillinga. Vi treng eit robust energisystem der fleire energiberarar spelar saman.

Nobio meiner derfor at Stortinget må sikre meir langsiktige og føreseielege vilkår for bioenergi, fjernvarme og andre fornybare varmeløysingar i det komande statsbudsjettet for 2027.

Bioenergi er ikkje ei reserve-løysing. Det er ein del av framtidas energiberedskap.

Arkiv
Kategorier
Nobio
Personvern oversikt

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler slik at vi kan gi deg en best mulig brukeropplevelse. Informasjonskapselinformasjon lagres i nettleseren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du kommer tilbake til nettstedet vårt og hjelpe teamet vårt med å forstå hvilke deler av nettstedet du synes er mest interessant og nyttig.