Gratis webinar mandag 8. desember kl 10:00
Ved etablering av industrielle biogassanlegg blir bonden ein nøkkelpartnar – både som leverandør av husdyrgjødsel og mottakar av biorest. Det krev gode avtalar, klare rutinar og felles forståing mellom bønder og industriaktør.
Viktige moment er organisering av bøndene i eit biogjødselforum/leverandørforum, slik dei har gjort på Voss, for å sikre ryddig dialog, lik behandling og koordinert logistikk. I tillegg kjem behov for praktisk tilrettelegging på garden – som lagerkapasitet, tilkomst for transport og tilpassing til biorest. Dette samarbeidet påverkar både driftskvardagen og økonomien på garden, og gode strukturar tidleg i prosessen gir færre konfliktar seinare.
Mari Aker (NLR Vest) og Lars Istad (Biogjødselforum Voss) deler erfaringar frå arbeidet med BIR sitt planlagde biogassanlegg på Voss – om kva bøndene må tenkje gjennom, kva som fungerer i praksis, og korleis samarbeid kan organiserast på ein god måte.
Webinaret er gratis og kjøres på Teams
Påmelding til Mats Olsen på mats@nobio.no