Europeisk fjernvarme veks – og blir stadig grønare

Fliskjele hos Hordaland Bioenergi på Voss
Fliskjele hos Hordaland Bioenergi på Voss

Fjernvarmen er i vekst over store delar av Europa. Samstundes kjem ein stadig større del av varmen frå fornybare energikjelder og overskotsvarme, viser Euroheat & Power sin nye DHC Market Outlook 2026.

I 2024 blei det bygd meir enn 1 500 kilometer nye fjernvarmerøyr. Fram mot 2030 kan over 2,2 millionar nye hushald bli kopla til fjernvarme i landa rapporten har data frå.

Fornybar energi og overskotsvarme utgjorde 46,2 prosent av energiforsyninga i europeiske fjernvarmesystem i 2024. Biomasse er framleis den største fornybare energikjelda, medan mellom anna store varmepumper, geotermisk energi, varmelagring og overskotsvarme får større plass.

Utviklinga viser kor viktig fjernvarmen er for å utnytte lokale energiressursar, redusere bruken av fossile brensel og avlaste kraftsystemet. Framtidas varmeforsyning vil byggje på eit fleksibelt samspel mellom fleire teknologiar, der bioenergi held fram med å spele ei sentral rolle.

Arkiv
Kategorier
Nobio
Personvern oversikt

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler slik at vi kan gi deg en best mulig brukeropplevelse. Informasjonskapselinformasjon lagres i nettleseren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du kommer tilbake til nettstedet vårt og hjelpe teamet vårt med å forstå hvilke deler av nettstedet du synes er mest interessant og nyttig.