Bioenergidagene 2025 – Grønn sikkerhet på agendaen

Fra Bioenergidagene i Trondheim 2024
Fra Bioenergidagene i Trondheim 2024

Det nærmar seg årets Bioenergidagar, og 17.–18. november samlast heile bioenergibransjen på Lillehammer.

Temaet i år er «Grønn sikkerhet – er bioenergi Norges glemte ressurs?» – og konferansen blir ei møteplass for både fag, politikk og framtidsretta energi- og beredskapsløysingar.

Gjennom to dagar får deltakarane høyre frå sentrale aktørar i næringsliv, forvaltning og forsking, med innlegg om alt frå forsyningstryggleik og fjernvarme til biogass, biokull og energi frå restressursar.

Blant innleiarane finn vi representantar frå Eidsiva Bioenergi, SINTEF Energi, Statkraft Varme, Enova, Asplan Viak, Moelven, Havila Biogass og Obio – i tillegg til fleire regionale prosjekt som viser korleis lokal energi kan bidra til nasjonal beredskap.

Eit politisk panel med representantar frå energi- og miljøkomiteen rundar av dag 1 med debatt om korleis bioenergi kan styrke norsk energisikkerheit og avlaste straumnettet.

 

Tid: 17.-18. november  Stad: Lillehammer

Kjenner du kundar, leverandørar eller samarbeidspartnarar som bør delta? Del gjerne invitasjonen vidare – fullstendig program finn du på nobio.no/bioenergidagene.

Bioenergidagene blir arrangert av Nobio – Norsk Bioenergiforening, i samarbeid med Eidsiva Bioenergi og Solør Bioenergi.

Samarbeidspartnarar og sponsorar

Solør Bioenergi logo
Ildfast AS logo

Hald deg oppdatert på nyheiter og arrangement frå oss – meld deg på nyheitsbrevet vårt.

Arkiv
Kategorier
Nobio
Personvern oversikt

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler slik at vi kan gi deg en best mulig brukeropplevelse. Informasjonskapselinformasjon lagres i nettleseren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du kommer tilbake til nettstedet vårt og hjelpe teamet vårt med å forstå hvilke deler av nettstedet du synes er mest interessant og nyttig.