Minneord om Svein Morten Rogn

Svein Morten Rogn (Foto: Mats Olsen)
Svein Morten Rogn (Foto: Mats Olsen)

Det er med tungt hjarte vi i Nobio har mottatt meldinga om at Svein Morten Rogn har gått bort – brått og altfor tidleg, etter ei ulykke heime på garden i Bamble.

Svein Morten sette djupe spor – både fagleg og menneskeleg. Han var ein drivkraft i fjernvarmebransjen, med stort engasjement for fornybar energi og sirkulære løysingar. Som administrerande direktør i Skagerak Varme sidan 2016, og med erfaring frå fjernvarme heilt tilbake til 2009, var han ein sentral aktør i utviklinga av bransjen.

Han hadde utdanning som både siviløkonom og agronom, og med bakgrunn som økonomisjef i Skagerak Energi kombinerte han økonomisk innsikt med praktisk forståing. Svein Morten var også varamedlem i styret i Norsk Fjernvarme, der han bidrog til å forme retninga for fjernvarmefeltet nasjonalt.

I Nobio hadde vi gleda av å ha han som styreleiar frå 2015 til 2017. Han la ned eit stort engasjement for å styrke både foreininga og bioenerginæringa. Med blikk for både dei store linjene og dei praktiske detaljane sette han eit sterkt preg på arbeidet vårt.

Men det er som menneske vi vil hugse han aller mest. Svein Morten var ein utruleg fin fyr – raus, inkluderande og alltid i godt humør. Han hadde ein imponerande kapasitet og pågangsmot, kombinert med lun humor og eit glimt i auga. Han var ein sosial og trygg type som tok seg tid til folk, og som gjorde det lett å kjenne seg velkomen.

Svein Morten etterlet seg eit stort tomrom – både fagleg og menneskeleg. Han vil bli hugsa som ein klok, varm og raus kollega – ein ekte heidersmann.

Våre varmaste tankar går til familien, og særleg til kona Synne og deira 2 sønner.

Arkiv
Kategorier

Meld deg på Nobios nyhetsbrev

* påkrevd felt
Nobio
Personvern oversikt

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler slik at vi kan gi deg en best mulig brukeropplevelse. Informasjonskapselinformasjon lagres i nettleseren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du kommer tilbake til nettstedet vårt og hjelpe teamet vårt med å forstå hvilke deler av nettstedet du synes er mest interessant og nyttig.